Om ViSom

 ViSom; "Vi som har mistet"

Sorg og savn er noko vi alle vil møta før eller seinare, vi vil mista nokon vi er glad i.  Ei mor, ein far, søster eller bror, ein god ven.  
Nokon opplever og det verste ein kan tenka seg;  å mista eit barn.
Sorga over å mista eit barn rommar så mykje meir enn det å mista nokon som har hatt eit langt liv. 
Den rommar draumar og framtidsplanar,  den rommar merkedagar og milepælar.  Alt som skulle bli, alt som skulle vore.

Sorga er vanskeleg å snakke om, det er heller ikkje lett å snakke til, eller snakke med, nokon som er i sorg.  Ord blir fattige, og ein kjenner seg usikker.  Men dei fleste som har opplevd å miste ein av dei kjæraste vil så gjerne snakke om dei, vil så inderleg gjerne at namnet deira blir nevnt, at andre og viser at dei tenker på den som er borte.

Det å tenna eit lys har for veldig mange stor symbolikk;
det er ei handling som utan ord viser at ein savnar, at den som er borte allikevel er med oss.  At dei er i tankane, og i hjertene våre.
Lyset brenn for spora dei har sett hos oss, og viser at desse aldri let seg viske bort.

Yngste sonen min, Peter, døydde av kreft berre 19 år gammal.  Det går ikkje ein dag, ein time eller eit minutt der han ikkje er i tankane mine, og for meg betyr det mykje å tenne eit lys for han.

Lysa som er for sal her på sida er på alle måtar Peter sine spor, og kvar tekst kjem frå sorga og savnet etter han.

Eg håpar andre og vil kjenna seg igjen i desse tekstane, og kan finne trøyst i å tenna eit av desse lysa for den dei har mista.


10 kroner frå kvart selde lys her frå nettsida vil gå til Kreftforeningen.  
Ved salg frå forhandlarar vil beløpet som går til Kreftforeningen vera 5 kroner.

 

Varm helsing frå Tone